Innetreninga startar torsdag 2. november

Frå og med torsdag 2. november trenar me inne i Aktivitetshuset på Tau.

Treningstida er: 17:00-18:00

Viss det er sol og fint vêr tek me treninga i Ugeli.

Frå januar av reisar me til Jørpeland og trenar saman med STAAL den siste torsdagen i månaden klokka 18:00-19:00 i Strandahallen.

Tor-Bjørn Næss 25.10.2017

97784397

Konkurransar i haust

Stevne på Eiganes tysdag 5. september
Ungane kan delta i 60m og "liten ball". Foreldra må sjølve melde på ungane sine på følgjande nettstad:

https://minidrett.nif.no/

Ein må registere seg som brukar og søkje på konkurransar i friidrett i Rogaland. Då finn ein "COOP-Jærcup 6". Og så kan ein melde på ungane.

 

Mosvannsløpet onsdag 20.september

Sjekk heimesida "mosvannslopet.no" for påmelding.

 

Klubbmeisterskap torsdag 5. oktober

Siste treninga før haustferien (torsdag 5. oktober) vert det arrangert eit lite høgtidleg "klubbmeisterskap" på Tau stadion. Det blir premiar til alle som deltek.

 

Tor-Bjørn Næss 28.08.2017

97784397

Oppstart - hausten 2017

Heisann,

På fyrstkomande torsdag (17.08) startar friidretten opp etter ferien. Me trenar på følgjande tidspunkt framover:

Torsdag 17.30-18:30 (på bana)

Nytt i haust er at me har felles trening med STAAL.

Me reisar på to tevlingar i haust:

1. Banestemne i Stavanger (Eiganes stadion) tysdag 05.09

2. Mosvannsløpet onsdag 20.09

Tor-Bjørn Næss - 13.08.2017

97784397

 

Tysdag 23. mai 2017 - Fyrste trening på den nye bana!

Treninga i neste veke blir skyvd fram til tysdag 23. mai.

Me startar som vanleg klokka 17:00.

Bana skal vere klar dagen før og me satsar då på å springe fortare og kaste og hoppe lenger enn nokon gong før.

Tor-Bjørn Næss - 16.05.2017

97784397